Professor Ragnhild Muriaas ved Universitetet i Bergen starta yrkeskarrieren som DJ. No undersøkjer ho kva strengar som må spelast på for å setje fotavtrykk i politikken.
– Det slår meg kor einsame mange politikarar er. Dei står aleine i å ta vare på karrierane sine, og dei har ofte veldig skjøre alliansar. Korleis kjem dei i posisjon til å bygge sterkare nettverk og alliansar?
Det spør Ragnhild Muriaas, professor i Samanliknande Politikk ved Universitetet i Bergen. Dei siste åra har ho intervjua ei rekkje politikarar i mange land, og målet hennar er å avdekkje kva hindringar og kva moglegheiter dei står ovanfor.
Politiske fotavtrykk
Gjennom sin akademiske karriere har professor Ragnhild Muriaas fokusert på kvaliteten i demokratiet, og kjernespørsmålet hennar er korleis ulike veljargrupper er representerte i dei politiske systema.
Muriaas har funne at det er større variasjon no enn tidlegare når det gjeld kven som er representerte i politikken. Der er fleire kvinner og fleire minoritetar, og det er også større variasjon i alder, men dette er ikkje nødvendigvis spegla i kven som får innflytelse på langt sikt.
– Det tek tid å setje sitt fotavtrykk i politikken. Tidlege undersøkingar viser at kvinner og minoritetar ofte blir verande i politikken kortare enn menn. Dei har lavare politisk uthaldenheit, og dei får med det mindre tid til å følgje sine politiske mål heilt fram til endestoppet, seier ho.
Tek gjerne leiartrøya Ragnhild Muriaas nyt sjølv godt av ei lang akademisk karriere, og ho har aldri skydd unna å ta på seg ansvar. Ho leier mellom anna FRIPRO- prosjektet Money Talks - Gendered Electoral Financing in Democratic and Democratizing States (Norges Forskningsråd), ho er styreleiar ved Senter for kvinne- og kjønnsforskning (SKOK), og prodekan ved Det samfunnsvitenskapelige fakultet på Universitetet i Bergen. – Eg meiner at det er karakterbyggande å ta på seg ansvar. Leiing er verkeleg fascinerande! Viss eg får sjansen til å prøve noko nytt, så hiv eg meg uti det og prøver å få det til. Den første betalte jobben min var faktisk som disk jockey, men for å vere ærleg så trur eg ikkje det var noko tap for musikkbransjen at eg valde ein akademisk karriere, innrømmer ho.
Comments